Ynskjer du avtalegiro?
Du inngår avtale om avtalegiro med banken din. Avtalegiro er å anbefala om du ikkje ønskjer å godkjenna faktura for at den skal bli betalt. Om du har oppretta avtalegiro i nettbanken din, vil fakturaen automatisk bli trekt ved forfall.
For å oppretta avtalegiro, legg du inn fakturaen til forfall som normalt, og i dei fleste nettbankar vil du i etterkant bli spurt om å oppretta avtale om avtalegiro. Du får beskjed frå banken din når avtalen trer i kraft. Inntil avtalen er aktivert, må du betale fakturaen manuelt.
Når du har oppretta avtalegiro på fakturaen, vil du ikkje lenger få fysiske brev i posten om trekket, med mindre du ber om det i avtalen med banken. Dette kjem av at avtalegiro er ein elektronisk betalingsavtale som gjer at beløpet automatisk blir trekt frå kontoen din på forfallsdatoen. Dette reduserer både papirarbeidet og arbeidsmengda vår. Om du framleis ønskjer fakturakopi, kan du kontakte banken din eller oss for å aktivera det.