Hardanger Energi Breiband

Problem med å senda eller ta i mot e-post?

Oppdatert

Om du har problem med å senda eller motta e-post, er det truleg feil i oppsettet for anten inngåande eller utgåande server for e-post. Det finst mange ulike e-postprogram med ulike oppsett. Innstillingane for brukarnamn og passord er like for både POP- og IMAP-kontotype. Har du e-postadressa frå ein annan leverandør, må du i oppsettet sjekka at du har skrive riktig domene for e-posten. Du finn riktig oppsett hjå leverandøren din. Under finn du oppsett for våre domene.

Me anbefaler at du brukar webmail for enklare tilgang. Med webmail slepp du å legge inn innstillingar, og du kan logge inn på nett for å lese e-posten din når og kvar som helst. Webmail

Oppsett av e-post (ikkje kinsarvik.net og lofthus.no)

Du finn oppsett og rettleiing av e-postklient her  

Oppsett for kinsarvik.net og lofthus.no

E-postinnstillingar for Kinsarvik.net og lofthus.no adresser:

Det finst mange ulike e-postprogram med ulike oppsett. Innstillingane for brukarnamn og passord er like for både POP- og IMAP-kontotype:

  • Brukarnamn: Heile e-postadressa di, t.d.: kari.nordmann@lofthus.no / ola.nordmann@kinsarvik.net
  • Passord: Om du ikkje hugsar passordet ditt, kan du nytte vårt skjema for support eller e-post og be om nytt passord. Du vil då få tilsendt nytt passord på SMS.

Innkommende tjener(verts)navn:

IMAP host: mail.kinsarvik.net
IMAP port: 143 (STARTTLS) eller 993 (SSL/TLS)

Utgående tjener(verts)navn: 

SMTP host: mail.kinsarvik.net
SMTP port: 587 (STARTTLS) eller 465 (SSL/TLS)

Ved spørsmål om pålogging eller godkjenning, bruk det same som i brukarnamn og passord.

Guide tagget med: e-post oppsett e-post
warning Created with Sketch.