Faktura for breiband + TV og strøyming?
Oppdatert
Har du breiband/fiber og TV med strøyming via Telia Play, vil du få to fakturaer – ein frå Hardanger Energi Breiband og ein frå Telia. Våre TV-pakkar har ein gunstig og redusert pris. Rabatten får du på breiband- eller fiberabonnementet ditt, medan fakturaen frå Telia er fast.
Når du vert ny TV-kunde, vil den fyrste fakturaen frå Telia vere høgare enn normalt. Dette kjem av at Telia fakturerer både for den inneverande månaden du vart kunde, og forskotsvis for dei to påfølgjande månadane. Deretter vil du berre bli fakturert for ein månad om gongen. Du kan logge deg inn på «Min side» hjå Telia for full oversikt over TV-abonnementet ditt og fakturaene.