Slik aktiverer du strøymetenester i Telia Play
Her finn du rettleiing på korleis du legg til og tek i bruk strøymetenester i Telia Play.
Når du legg til kanalar og strøymetenester i Telia Play, blir dei fleste tenestene tilgjengelege med ein gong – og du kan starte å sjå med det same.
Dei største strøymetenestene krev i tillegg det me kallar ei aktivering. Det betyr at du må opprette ein konto hos tenesta og knyte denne til Telia Play. Dette gjeld til dømes Netflix, Max, Viaplay og Prime Video.
1. Legg til strøymeteneste
Via TV-boks:
Gå til Mitt innhald
Vel Vel innhald
Trykk på den strøymetenesta du ønskjer, og stadfest valet
Via nettlesar:
Gå til teliaplay.no
Vel den strøymetenesta du ønskjer å leggje til
2. Aktiver strøymetenesta
Via TV-boks:
Gå tilbake til Mitt innhald
Vel den aktuelle strøymetenesta
Ein QR-kode vil visast på skjermen – skann denne med mobilen din
Via nettlesar:
Etter at du har lagt til tenesta, vil teksten endre seg til aktiver
Klikk på aktiver for å starte prosessen
I begge tilfelle blir du sendt vidare til ei aktiveringsside hjå den aktuelle strøymetenesta. Følg stega på skjermen for å fullføre registreringa.
3. Logg inn og start strøyminga
Via TV-boks:
Gå til Apper i menyen
Vel den tenesta du har aktivert
Via nettlesar eller app:
Gå til tenesta si nettside eller last ned appen på den eininga du ønskjer å bruke
(mobil, nettbrett, smart-TV, Apple TV osv.)
👉 Hugs å logge inn med same e-postadresse og passord som du brukte under aktiveringa.
Treng du hjelp? Ta gjerne kontakt med oss – me hjelper deg vidare!
post@heband.no | heband.no