Hardanger Energi Breiband

Valgt feil kilde på tv?

Oppdatert

Beste løysinga for å sleppe at TV og dekoder ikkje snakkar i lag er å koble HDMI kabelen frå Telia dekoderen til HDMI-CEC eller HDMI-ARC inngangen på tv'en din.
Du må ofte også slå på denne funksjonen i innstillingane til tven din.
Denne innstillinga finn ein oftast under "Systeminnstillingar" eller "Bilde"
Framgangsmåten er forskjellig frå tv til tv.

Ein kan også sette opp at fjernkontrollen til Telia BoX styrer TV på denne måten:

Viktig!

  • OBS! For at du skal kunne bruke fjernkontrollen til å styra TVen må TVen din være frå ein av fyljande produsentar: Samsung, Sony, LG, Phillips, Panasonic, Grundig, Finlux, Hitachi, JVC, Toshiba, Sharp og Pioneer.
  • Det vil ikkje fungere å bruke fjernkontrollen til å styre TVen dersom du har eit surroundanlegg eller ein forsterkar mellom TV og boks.

Etter at du har kopla Telia Box til TVen med HDMI-kabel, skal det automatisk fungere å bruke fjernkontrollen til å styra TVen.

Styrer ikkje fjernkontrollen TVen automatisk? Prøv dette:

  1. Press og hald «av/på-knappen» og «OK» i tre sekund.
  2. Etter tre sekund, press og hold inne knappane for "Kanal opp" og "Kanal ned" samtidig, til TVen skrur seg av. Dette tar normalt nokon sekund.
  3. Når TVen har skrudd seg av, trykk «OK» for å fullføre sammenkoblingen. LED-lampene skal då blinka tre gongar.

Fungerer det fortsatt ikkje? Forsøk fyljande:

  1. Press og hald «OK» og tallkoden for din TV i minst tre sekund.
  2. Etter tre sekund, press og hald «Kanal opp»-knappen til TVen skrur seg av.
  3. Når TVen har skrudd seg av, trykk «OK» for å fullføra samankoplinga.

Tallkodar for TV-produsentane som er støtta:

  • Samsung: 1
  • Sony: 2
  • LG: 3
  • Philips: 4
  • Panasonic: 5
  • JVC: 6
  • Grundig: 7
  • Finlux: 8
  • Thomson: 9
  • Toshiba: 0
warning Created with Sketch.