Kva internett kan eg få?
Hardanger Energi Breiband leverer internett og Telia Play TV til husstandar i Ullensvang, Eidfjord, Ulvik og Granvin. Me leverer internett via fiber, antenne eller kabel-TV. Det varierer i området vårt kva type tilkopling og fart me kan levera. Med fiber kan me tilby abonnement med fart frå 100 Mbit til 1000 Mbit. Med antenne eller kabel-TV kan me tilby fart frå 50 Mbit til 80 Mbit, avhengig av kva type sendar som er i ditt nærområde. Me har eigne fritidsabonnement for hytter og registrerte fritidsbustadar.
Fritidsabonnement gjeld berre for hytter og fritidsbustader. Abonnementet er for eigedomar som ikkje blir brukte som heilårsbustad eller til næring, og det er tilpassa variabel bruk i feriar og helgar.
Du kan bestilla internett og TV på våre nettsider. Er du usikker på kva type tilkopling me kan tilby? send ein e-post til post@heband.no. Så svarer me så snart som mogleg.
Når me snakkar om farten på internett, handlar det om kor raskt data kan bli overført. Mbit står for megabit per sekund, og det fortel deg kor raskt du kan lasta ned og overføra data. Jo høgare Mbit/s, jo raskare er internettet ditt. Vel den hastigheita som passar dine behov best.