Hardanger Energi Breiband

Vedlikehald av tenesten

Oppdatert

Leverandøren har rett til å setje i verk tiltak som kan medføre avbrot, forstyrringar eller endringar i tenesta, dersom dette vert rekna som naudsynt av tekniske, tryggleiks-, vedlikehalds- eller driftsmessige årsaker.

Leverandøren vil så langt det er mogleg varsle om slike tiltak i rimeleg tid, og gjere sitt ytterste for å avgrense ulempene for den enkelte kunden.

Hardanger Energi Breiband tek atterhald om å kunne gjennomføre oppdateringar og vedlikehald innanfor fastsette vedlikehaldsvindauge kvar tysdag og torsdag frå kl. 00.01 til 01.00, utan særskilt varsel til kundane. I desse vedlikehaldsvindauga kan det oppstå korte avbrot i tenesta.

Guide tagget med: Internett
warning Warning.