Hardanger Energi Breiband

Tregt eller ustabilt nett?

Oppdatert

Om du opplever tregt eller ustabilt nett er det fleire moglege årsaker til det. Før du kontakter oss er det nokre tiltak du kan gjere. Les gjerne om trådlaust nett her, då det ofte er årsaken til at du opplever tregt nett. 

  1. Start rutaren og modemet på nytt: Ofte kan ein enkel omstart av rutaren og modemet løyse mange problem med tregt nett. Slå av ruteren (eventulet antanna om du har det), vent ei stund, og slå dei på igjen.

  2. Plassering av rutaren: Forsikre deg om at rutaren din er plassert sentralt i heimen din og at den ikkje er blokkert av hindringar som vegger eller møblar. Ideelt sett bør rutaren plasserast i eit opent område vekke frå elektroniske apparatar som kan forstyrre signalet. Du kan lese meir om trådlaust nett / WiFi i vårt kundesenter 

  3. Bruk kabel: Om du kun benyttar trådlaust nettverk er det lurt å bruke nettverkskabel på einingar som har moglegheita for ei kabla tilkopling. Dette er gjerne einingar som du bruker mykje og som kan bruka mykje båndbredde. Døme på einingar: PlayStation, Xbox, stasjonær-PC,  SmartTV, AppleTV og TV-dekodar.

  4. Ta ein test av nettfarten: Gjer ein test av nettfarten ved hjelp av ein påliteleg nettstad eller app for å måle nedlasting- og opplastingshastigheita di. Til dømes denne: https://www.nettfart.no/nb/test. Dette vil gje deg ein indikasjon på kor raskt internettet ditt eigentleg er. Du kan lese meir om korleis gjennomføre ein pålitleg test av nettfarte her.
  5. Sjå om det noko som forstyrrar: Flytt smart-hus einingar til eit eige gjestenett. Desse kan tidvis forstyrra «vanlige» einingar.
  6. Har du nok fart?  Nok fart i nettet er avgjerande for saumlaus nettbruk og effektiv dataoverføring. Opplever du at nettet stoppar opp, kan det hende du ikkje har nok fart i nettet. Då bør du vurdera å auka abonnementet ditt. Du finn oversikt over alle våre abonnement og prisar på våre nettsider. Lurer du på om du har nok fart i nettet kan du kontakte oss. Me kan sjå statistikk over kor mykje data som blir brukt. 
Guide tagget med: Internett Wifi
warning Created with Sketch.