Hardanger Energi Breiband

Test din nettfart /speedtest

Oppdatert

Ein speedtest er ein måte å måla nettfarten din på. Dette er nyttig for å sjå kor raskt internettet ditt verkar. Det er mange faktorar som spelar inn på målingane, spesielt ved test over det trådlause nettet. 

Anbefaler på det sterkast at du nyttar ein nettverkskabel mellom ein pc og ruter når du skal gjennomføra ein test av nettfarten. Sjå også til at det ikkje er anna bruk i nettet samtidig. 

  1. Gå til ein nettside som tilbyr speed test-tenestar. https://www.speedtest.net/ - https://www.nettfart.no/nb/test - https://fast.com/nb/
  2. Klikk på startknappen for å starta testen.
  3. Testen vil måla farten på nedlastinga di, som viser kor raskt du kan laste ned data frå internettet.
  4. Deretter måler den farten på opplstinga, som viser kor raskt du kan senda data til internettet.
  5. Til slutt vil testen gje deg resultatet ditt i megabit per sekund (Mbit/s) for både nedlasting og opplasting.

Det er ikkje alltid at resultata av slike testar er riktig. Så anbefalar at du utfører fleire testar og gjerna frå ulik leverandør. 

Når du har resultata, kan du samanlikna det med farten du har i ditt abonnement. Om resultata er lågare enn forventa, kan det henda du treng å ta grep for å forbetra nettfarten din. Som å endra til eit raskara abonnment eller sjekka om det er tekniske problem med nettverket ditt. Ta kontakt med oss om du meiner du ikkje får den nettfarten du skal ha. Så skal me gjere det me kan for at du skal få så raskt nett me kan levera. 

Guide tagget med: Internett nettfart Wifi
warning Created with Sketch.