Hardanger Energi Breiband

Problem med trådlaust nett?

Oppdatert

Trådlaust nettverk, eller WiFi, gjer det mogleg å kopla til Internett utan å bruka fysiske kablar. Dette gjer det enkelt å kopla til ulike einingar som datamaskinar, smarttelefonar, nettbrett og smart heimeutstyr som er utstyrt med trådlaus teknologi. 

Når du nyttar WiFi, er det viktig å vera oppmerksam på nokre faktorar som kan påverka signalet og ytelsen til nettverket ditt. Desse inkluderer avstand til ruteren eller heimesentral, hindringar som veggar eller møblar, og eventuelle forstyrringar frå andre elektroniske apparat i nærleiken. Alder og begrensningar på utstyret du brukar kan også vere ein faktor og årsak til at du opplever tregt nett. Til dømes kan ein telefon ha maksfart som er mindre enn farten du har og som du får på pc din. Eller motsatt. 

Dersom du opplever problem med ditt trådlause nettverk, kan du prøve følgjande tips:

  1. Plasser ruteren på ein sentral stad i heimen din for best mogleg dekning. 
  2. Unngå plassering nær metallgjenstandar eller elektroniske apparat som kan forstyrra signalet.
  3. Er det sentrale einingar som har behov for godt signal og god fart. Bør ein vurdere å brukke nettverkskabel på desse i staden for trådlaus tilkopling. 
  4. Om ein framleis opplever problem med WiFi dekninga i heimen, kan ein vurdera å installera eit mesh WiFi system. Les meir om mesh wifi her
Guide tagget med: Internett Wifi
warning Created with Sketch.